Vi er også denne helga på Bondens Marked i Bergen og i julegata på Sartor Senter. Torsdag, fredag og laurdag har vi ope på Algrøy. Vi har sendt ut melding til mange denne veka at bestillingane er klare til å bli henta på Algrøy. Håper at dei som kan hente på dagtid torsdag og fredag hentar då og ikkje ventar til laurdag. Dette for at det ikkje skal vere for mange i butikken på ein gong. Ser du at det er fleire kundar i butikken, kan det vere lurt å vente utanfor butikken eller i bilen. Vi ynskjer at det skal vere ein trygg handel. Velkommen!