Snøen er vekk, men vi nermer oss med raske skritt mot jul. Vi er også denne helga på Bondens Marked i Bergen. Vi er i julegata på Sartor Senter til og med laurdag. Torsdag, fredag og laurdag har vi ope på Algrøy. Vi har sendt ut melding til mange denne veka at bestillingane er klare til å bli henta på Algrøy. Håper at dei som kan hente på dagtid torsdag og fredag hentar då og ikkje ventar til laurdag. Dette for at det ikkje skal vere for mange i butikken på ein gong. Ser du at det er fleire kundar i butikken, kan det vere lurt å vente utanfor butikken eller på i bilen. Vi ynskjer at det skal vere ein trygg handel. Vi har og ope ein ekstra kveld, onsdag 22.12. er vi ope på Algrøy kl. 18.00 – 20.00. Velkommen!
Vi er også denne helga på Bondens Marked i Bergen og i julegata på Sartor Senter. Torsdag, fredag og laurdag har vi ope på Algrøy. Vi har sendt ut melding til mange denne veka at bestillingane er klare til å bli henta på Algrøy. Håper at dei som kan hente på dagtid torsdag og fredag hentar då og ikkje ventar til laurdag. Dette for at det ikkje skal vere for mange i butikken på ein gong. Ser du at det er fleire kundar i butikken, kan det vere lurt å vente utanfor butikken eller i bilen. Vi ynskjer at det skal vere ein trygg handel. Velkommen!
I morgen torsdag 09.12. er siste frist for å bestille pinnekjøt og pinnebog i nettbutikken om det skal sendast og du skal bruke det på julafta. Det er travelt i posten og mange pakkar som skal fram.
Velkommen til oss i butikken på Algrøy, boden vår i julegata på Sartor Senter og boden vår på Bondens Marked i Bergen! Kvar veke blir det ferdig tørka pinnekjøt for salg og denne helga blir det ferdig mange nye fenalår. Nye flotte skinn har vi og, flotte julegåver til deg sjølv og andre. Vi ynskjer deg ei fin adventstid!
Torsdag 18.11 og fredag 19.11 har vi ope på Algrøy frå kl. 10.00 – 15.00. Laurdag 20.11. har vi ope frå kl. 10.00 – 14.00. Velkommen!
Laurdag 13.11 er det Bondens Marked i Bergen igjen og vi er på plass frå kl. 10.00 – 16.00. Vi har og ope på Algrøy denne veka. Torsdag og fredag frå kl. 10.00 – 15.00 og laurdag frå kl. 10.00- 14.00. Håper vi ser deg, ha ei flott veke 🙂
Velkommen til Bondens Marked Bergen på laurdag frå kl. 10.00- 16.00. Vi har også ope på Algrøy torsdag og fredag frå kl. 10.00 – 15.00 og laurdag frå kl. 10.00- 14.00. Vi har mykje ferkst kjøt , spekemat og skinn. Første ladning av pinnekjøt er no klar for salg. Håper vi ser deg 🙂
Flott at så mange kom i butikken og Bondens Marked i forrige veke. Denne veka er vi ope fredag kl. 10.00- 15.00 og laurdag kl. 10.00- 14.00. Vi held framleis på med slakting på Algrøy så vi har mykje godt på kjølen i tillegg til frysen, spikemat og flotte skinn. Velkommen!
Velkommen til butikken på Algrøy! Vi har ope torsdag og fredag kl. 10.00 – 15.00 og laurdag kl. 10.00 – 14.00. Vi har mykje ferskt villsaukjøt i stykningsdelar og gjer du beskjed i god tid på forhånd, kan du kjøpe heile lam. Spekepølsene våre er no i praktiske 500 grams pakker og koster ca. 200,- . Den på bilde er med einebær. Framleis har vi mange flotte skinn som varmer på kalde haustkveldar. Håper du tar turen innom!