VIKTIG! Siste opningstidene i butikken vår på Algrøy før jul: Laurdag 17.12. Kl. 10.00 – 14.00. Mandag 19. tirsdag 20. onsdag 21 og torsdag 22.12. Kl. 10.00- 15.00. Vi er og på Julemarkedet på Sartor og Bondens Marked i Bergen i morgon 17.12. Håper alle som ikkje har henta sine bestillingar enno nytter seg av desse opningstidene. Er det nokon som har bestilt pinnekjøt hos oss og ikkje fått beskjed om at det er klart til henting, gje oss beskjed. Ynskjer alle ei fortsatt god adventstid
20. august er vi tilbake på Bondens Marked i Bergen. Vi har med våre kjempegode fenalår og spekepølser. Flotte skinn har vi også med. Gardsbutikken på Algrøy er også ope mellom kl. 10.00 – 14.00. Velkommen!
I dag 25.06 er Strilalam med på det siste Bondens Marked i Bergen før sommarferien. I dag er vi tilbake på Torget. Vi i Strilalam tar no «sommarferie». Det vil sei ganske aktiv ferie: Vi skal hauste alt foret sauene skal ha til vinteren. Vi går til sauene og flaskelamma som er igjen heime på bøane, som gjerne treng litt ekstra omsorg. Vi går på tilsyn med sauene som er på utmarksbeite og tilsyn med sauene som er til fjells. Vi vil ynskje dåke alle ein riktig fin sommar. Treng du noko i butikken tar du kontakt så kan vi avtale tid i butikken.
I morgon 21.05. kan du treffe oss på Bondens Marked på Torget i Bergen, vi har også ope på Algrøy. Velkommen!
På grunn av lamming og sjukdom er dessverre butikken på Algrøy stengt denne veka (veke 17) også. Men vi har ope etter avtale. Fredag mellom 18.00 og 18.30 er det allereie inngått avtale, så om det passer for deg å komme då er du hjarteleg velkommen!
Hei, i morgon 23.04 er vi dessverre stengt i butikken på Algrøy på grunn av lamming og sjukdom. Men vi har ope etter avtale. Ellers finn du oss på Bondens Marked på Torget i Bergen i morgon frå kl. 10.00 – 16.00. Velkommen!
Opningstida framover i butikken på Algrøy er: torsdag, fredag kl. 10.00 – 15.00 og laurdag kl. 10.00- 14.00. Onsdagar har vi ope etter avtale (10.00- 15.00)
Onsdag 22.12. er siste dagen vi har ope på Algrøy før jul. Vi har ope frå kl. 18.00 – 20.00. Velkommen innom for julehandel og hente dei siste bestillingane. Vi i Strilalam vil ynskje dykk ei riktig GOD JUL!
I morgon fredag har vi ope ekstra på kvelden! Då kan du komma innom frå kl. 18.00 – 20.00. Vi har ein del pinnebog igjen. Men vi er dessverre heilt utseld for pinnekjøt av villsau. Vanlig pinnekjøt er det lite igjen av så her er det første mann til mølla… Men vi har frysen full av godsaker, spekemat på kjølen og mange flotte skinn. Velkommen til førjulshandel!
Snøen er vekk, men vi nermer oss med raske skritt mot jul. Vi er også denne helga på Bondens Marked i Bergen. Vi er i julegata på Sartor Senter til og med laurdag. Torsdag, fredag og laurdag har vi ope på Algrøy. Vi har sendt ut melding til mange denne veka at bestillingane er klare til å bli henta på Algrøy. Håper at dei som kan hente på dagtid torsdag og fredag hentar då og ikkje ventar til laurdag. Dette for at det ikkje skal vere for mange i butikken på ein gong. Ser du at det er fleire kundar i butikken, kan det vere lurt å vente utanfor butikken eller på i bilen. Vi ynskjer at det skal vere ein trygg handel. Vi har og ope ein ekstra kveld, onsdag 22.12. er vi ope på Algrøy kl. 18.00 – 20.00. Velkommen!