I morgen 11.06. er vi på Bondens Marked på Festplassen i Bergen frå kl. 10.00 – 16.00. Vi har med oss mykje god spekemat, på bilete ser du spekepølse med ramslauk. Vi har også med mykje kjøt som du kan ha på grillen. For tida er butikken på Algrøy ope kun etter avtale om laurdagene.
Treng du lammelår til påske? Vi har ope i gardsbutikken på Algrøy onsdag 13.04. frå kl. 10.00 – 15.00 og laurdag 16.04. frå kl. 10.00 – 14.00. Velkommen!
Hei! På grunn av det flotte veret vi har hatt i det siste, har det minka på maten på fjellbeitene. Derfor er sauesankinga framskunda til denne helga for dei fleste av oss i Strilalam. Difor klarer vi diverre ikkje å vera på Bondens Marked, eller å ha butikken ope på Algrøy laurdag 28.08. God helg!
Velkomen til butikken på Algrøy og Bondens Marked Bergen laurdag 12.06. På Algrøy har vi ope frå kl. 10.00 – 14.00 og Bondens Marked frå kl. 10.00- 16.00. Vi har nylaga grillpølser! På Bondens Marked kan du kjøpe «Hot dog» med den gode grillpølsa eller kjøpe 3 eller 5 pakninger å ta med heim. Vi har også sjølvsagt med dei andre gode varene våre og dei flotte lammeskinna. Håper vi ser deg enten på Algrøy eller i Bergen!